oversikt_1.png

Prosjektet

Prosjektstatus

Prosjektering

Godkjenning

Til salgs

Bygging

Innflyttingsklar

Status og framdrift i prosjektet vil bli oppdatert med jamne mellomrom via nyheitsbrev til interesserte kjøparar.

 

Framdriftsplan* pr. juli 2020:

  • Salg startar:                    juli 2020 

  • Estimert byggestart**   1. kvartal 2021

 

*Endringar kan førekoma 

** Føresetnad: Tilstrekkeleg sal

 

Det vert jobba med eit komplett salsprospekt med innvendige og utvendige illustrasjonar. Her blir det også gjeve skildringar av overflater og innreiingar i leilegheitene med meir. Salsprospektet vil inkludere prisar på alle leilegheiter etter at avtale med entreprenør føreligg, jamfør framdriftsplan ovanfor. Oppdateringar rundt salsprosessen blir sendt ut via nyheitsbrev til registrerte interessentar når det føreligg.      

Utbyggjar

Tiltakshavar og utbyggjar er Hamarly AS, eit selskap eigd av Sjur Gjerløw. 

Sjur Gjerløw har lang erfaring med bustadbygging i Aurland gjennom Sjur Gjerløw Byggteneste. Med på laget er fleire kompetente personar med spredt kunnskap. Prosjektet er planlagt i samarbeid med Arkittektkontoret 4B og Norconsult, begge frå Sogndal med erfaring frå fleire store og liknande bustadprosjekt. Ved realisering av bygget vil ein totalentreprenør stå for oppføring av bygget.

Utbyggjar sin visjon for prosjektet

Me ønskjer å gje innbyggjarane i Aurland og andre interesserte eit heilt nytt tilbod i bustadmarknaden. Bygget skal ha gode kvalitetar og komfort, som skal legge til rette for sosialt samvær og ein aktiv livsstil for dei som ønskjer dette. Leilegheitane er tilpassa personar i alle aldrar med heis i bygget og universell utforming.  

 

Til samanlikning med einebustader vil den enkelte bebuar her få mindre ansvar og vedlikehald for bygningsmassen. Bygget og tomta er tilpassa dine behov, noko som gir ein enklare kvardag med meir tid til det ein ønskjer.

Aurland Kommune gjennomførte i 2018 ei innbyggjarundersøking for å kartlegge bustadsituasjonen i kommuen. I denne undersøkinga kjem det fram at 31% av personar i alderen 60-75 ynskjer å bu i leilegheit, og kun 17 % svarar einebustad som føretrekt bustadform. Denne aldersgruppa ynskjer kvalitetar som heis, parkeringskjellar og universel utforming. Fellesrom for sosialisering, og nærhet til sentrum er også framheva her. Dei 14 leilegheitene og fellesareala i Fjordbris har alle desse kvalitetane med meir.

Reguleringsplan

Reguleringsplanen dekker i tillegg til bustadblokka også eit større areal i bakkant av bustadblokka avsett til einebustader/rekkehus. Regulering av tomter til einebustader/rekkehus blir i denne planen regulert inn i samråd med Aurland Kommune, men er ikkje eit prioritert utbyggingsområde pr. i dag. 

 

Nokre hundre meter langs strandsona i retning sentrum er ei båthamn under planlegging. Regulering av dette området inneber ei omregulering av dagens reguleringsplan, samtidig er det naudsynt med tillatelse til å fylle massar i fjorden. Her er det strenge restriksjonar, noko som gjer arbeidet meir tidkrevjande. Dette delprosjektet er derfor i ein tidleg planleggingfase i dialog med Aurland Kommune. På sikt ønskjer ein å også kunne tilby kjøp av båtplassar i umiddelbar nærleik til bustadblokka.