top of page

Aurland - det naturlege valet

Aurland har noko av det beste Noreg kan på by når det gjeld natur og friluft. Fjell og fjord er eit godt utgangspunkt for aktivitetar og rekreasjon. Ski-metropolar som Myrkdalen, Sogndal skisenter og Hemsedal ligg 1 til 1,5 timar køyring frå Aurland.

​

Aurland kommune har i underkant av 1800 innbyggjarar. Som ein ressurssterk kraftkommune har Aurland fleire flotte offentlege bygg og fasilitetar, blant anna ei flott badestrand, ein ny og moderne idrettshall samt eit heilt nyoppussa offentleg basseng med terapibad. Som ein turistkommune er det heller ikkje mangel på serveringsplassar eller andre servicetilbod.

Nabolaget

Fjordbris ligg mellom bustadfelta Klokkargarden og Thy. Vidare langs vegen ligg bustadfeltet Høydalen, og i retning sentrum finn ein Ystebøen bustadfelt.

​

Fylkesvegen som går langs fjorden har ikkje tilknytning til andre vegar, og er difor lite trafikert.

​

På andre siga av vegen ligg Aurland Fjordhytter, ein potensiell overnattingsplass for gjester.

DJI_0036.jpg

Eit knutepunkt mellom Aust og Vest

Aurland har sentral tilkomst frå både aust og vest via E16. Køyretid frå Bergen er rundt 2,5 timar og Oslo rundt 4,5 timar. Er du på leit etter ein ny plass å tilbringe helgar, feriar og høgtider? Aurland kommune har ikkje buplikt, og leilegheita difor kan nyttast som fritidsbustad.

​

Vurderar du å flytte til Aurland, eller kjøpe fritidsbustad her? Du kan finne praktisk informasjon på Aurland Kommune si nettside, eller ved å besøka kommunen si Facebook-side

Offentlege tilbod

i Aurland

Aurland kommune har eit godt tilbod av aktivitetar og fasilitetar. Ei flott badestrand, ein ny og moderne idrettshall samt eit heilt nyoppussa offentleg basseng med terapibad.

bottom of page