
Leilegheitene i Fjordbris
Alle leilegheitene får store vindusflater med flott utsikt mot fjorden og mykje dagslys. Samtlige leiligheter har vannbåren varme og balansert ventilasjon. Vannbåren varme sørger for behageleg og jevn innetemperatur. Dette saman med god isolasjon gir redusert energiforbruk og du får ein energivennlig bustad med eit friskt og godt inneklima. Lavt energiforbruk inneber også lave månadlege utgifter.
Mest mogleg utsikt og sol har vore viktige stikkord i planleggingen av prosjektet. Kvar leilegheit har ein romsleg vestvendt balkong mot fjorden. Balkongane er frå 16m² til 71 m². Med store glassflater inn mot alle opphaldsrom kan ein også nyte utsikten og naturen innendørs.
Leilegheitene er av ulik sørrelse, frå 79 m² til 148 m². Alle leilegheitene har gode kvalitetar og innovative løysingar med komfort i høgsetet.
Utvendige illustrasjonar
Interiør og materialval
Leilegheitene i Fjordbris er utstyrt med inventar frå kvalitetsleverandørar. Kjøken blir levert av Sigdal, medan baderomsinteriør blir levert av Linn Bad. Me har utarbeida ein standardpakke for leilegheitene med bl.a. val av kjøken, kvitevarer, parkett og baderomsfliser.
Det vil bli parkett i alle opphaldsrom og soverom. Heilflisa hovudbad (kjeramiske fliser).
Me ønskjer å gje deg som kjøpar mest mogleg valfridom der det let seg gjera, og vil etter kvart legge fram ulike tilval - eller alternativ til oppgraderingar - utover standardpakken.
Tilval
Kjøkena av typen Horisont er tilgjengeleg i fleire fargar, og med ulike alternativ til benkeplater. Ønskjer du å endre til ein annan kjøkenmodell frå Sigdal eller andre baderomsalternativ frå Linn Bad har du moglegheit til dette. Prisen du betaler blir då differansen mellom løysinga du vel og standardløysinga som er inkludert i kjøpsprisen til den aktuelle leilegheiten.
Tilval forutset at kjøpar er ute i god tid, og at vala let seg gjere både praktisk og økonomisk.
Bad
Me har valgt Linn Bad frå Vik i Sogn som leverandør av baderomsmøblar.
I bildegalleriet kan ein sjå dømer på servantskap, høgskap, speglar og servantar.
Dette er illustrasjonsbilete av aktuelle modellar.

Salgsinformasjon
Leilegheitene i Fjordbris er til salgs. Prospekt og leveransebeskrivelse kan lastast ned ved å klikke på knappane under. Prospektet gir deg som kjøpar all tilgjengeleg informasjon. Leilegheitene ligg også på Finn.no.
Salgsprosessen
Kjøp av leilegheit i Fjordbris skjer til fast pris, og prinsippet om førstemann til mølla er gjeldande. Framsetting av kjøpstilbod skjer via utfylling av eit tilsendt skjema frå eigedomsmeklar.
Fjordbris er eit leilegheitsprosjekt med totalt 14 leilegheiter, der seks av desse leilegheitene har ulik planløysing. I tillegg er leilegheitene plassert i forskjellige etasjar, så det er dermed 14 unike leilegheiter. Samstundes har alle leilegheiter i Fjordbris dei same gode kvalitetane, og me håpar derfor at alle interesserte får tilslag på ein leilegheit dei er fornøgde med.
2 leilegheiter er solgt
B3
SOLGT
D3
SOLGT

Eigedomsmeklar:
Garanti Eiendom Indre Sogn
Garanti Eiendomsmegling Indre Sogn gjennomfører salg av leilegheitene. Dei er tilgjengelege for alle som ønskjer eit bistand med bod-skjema og liknande. Våre meklarar frå Garanti Indre Sogn er Torleiv Lægreid og Erlend Hunshammer Moen, sjå kontaktinfo under.
Å kjøpe ny bustad er trygt
Nye leilegheiter vert bygd etter siste oppdaterte byggestandard og forskriftskrav om våtrom, teknisk anlegg, brannsikring, materialar og miljø. I henhold til Bustadoppføringslova har du ein garanti på fem prosent av kjøpesummen i fem år etter overtaking dersom det oppstår feil eller manglar ved en ny bustad. Du har også ein reklamasjonsrett på fem år. Dette gir deg eit mykje sterkare rettsvern enn om du kjøper ein brukt bustad.
Allereie før du flyttar inn får du den første fordelen
Når du kjøper heilt ny bustad betalar du kun 2,5 prosent av tomteverdien i dokumentavgift, og ikkje av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad. Nye bustader har lågare driftsutgifter, og grunna betre vindauge og isolasjon vil du bruke mindre pengar på oppvarming og elektrisitet. Du treng ikkje bekymra deg for kalde vintrar og høge straumprisar. Leilighetene har dessutan balansert ventilasjon med varmegjenvinning, som er bra for inneklimaet.
Fordelar ved kjøp av ny bustad
-
Ingen vedlikehaldskostnader
-
Lav dokumentavgift
-
Gjennomgåande høg standard
-
Ingen bruksslitasje
-
Fem års reklamasjonsrett