top of page

Til salgs - 2 leilegheiter solgt

fjordbris_corner_edited.png

Salget av leilegheitene i Fjordbris er i gong. Leilegheitene blir solgt til "førstemann til mølla". Sikre deg din draumeleilegheit no!

 

Meir informasjon om salgsprosessen og kontaktinformasjon til Garanti Eiendomsmegling Indre Sogn finn de på sida om Leilegheitene.

14 eksklusive leilegheiter ved Aurlandsfjorden

Fjordbris er eit framtidsretta bustadprosjekt. Parkeringskjellar, heis og universell utforming gir leilegheiter med langsiktig perspektiv og tryggleik for deg som kjøpar. Leilegheitene får vannbåren varme og balansert ventilasjon som gir eit godt inneklima både sommar og vinter, i tillegg til miljømessige fordeler og lave månadlege straumutgifter. Betongskilje mellom etasjane gir god lydisolasjon.

​

Du kan gå tørrskodd for å hente posten eller ta ein hyggjeleg prat med naboar i byggets sosiale sone. Ein kaffekopp i godt lag eller nyte stillheiten, her er valet ditt. 

​

Utstyrsbod i tilknyting til garasje. Med eige treningsrom for bebuarane kan toppformen vera like rundt hjørnet. Her treng du ikkje tenke på tunge bratte bakkar om sommaren eller lange glatte bakkar om vinteren. Eigedommen ligg kloss ved fylkesvegen med gang og sykkelsti som følgjer langs Aurlandsfjorden. 

​

Fjordbris sine gode løysingar gir lave bukostnader og medfører samstundes at bustadinvesteringa di opprettheld sin verdi i eigedomsmarknaden.

Fjordbirs i skumring

Moderne, tidlaust og vedvarande

Ein moderne arkitektur med tidlause fargar gjer bygget attraktivt både no og for framtida. Tomta og bygget er utforma for å gje deg som bebuar minst mogleg vedlikehald, med kvalitetsmateriale som held seg fint år etter år.

 

Det er dette me i Fjordbris kallar framtidsretta bustader. Det beste av alt, med livsløpsstandard treng du aldri å flytte!

Nøkkelopplysningar

14 Sjølveigarleilegheiter

fordelt over 4 etasjar

Romslege balkongar

vestvendte balkongar med utsikt

Eiga sports-/utstyrsbod

i parkeringskjellaren

Vannbåren varme

energibesparande oppvarming

Parkeringskjellar

1 parkeringsplass per leilegheit

Heis

Direkte frå parkeringskjellar

Sosial sone

i byggets inngangsparti

Balansert ventilasjon

gir godt inneklima

Felles treningsrom

i underetasjen

Store vindusflater

panoramautsikt over fjorden

Smarte løysingar

tilrettelagt for smartfunksjonar

Utsikta du aldri

går lei

Utsikta mot Flennes endrar seg heile tida; eit skiftande fargespel og skyer i ulike fasongar. Eit nytt motiv frå stovevindauga kvar dag.

Salget er i gang!

Garanti Eiendomsmegling Indre Sogn gjennomfører salg av leilegheitene. Dei er tilgjengelege for alle som ønskjer bistand med bod-skjema og liknande. Alle som ønskjer kan ta kontakt for å avtale eit møte.

​

Meklarane kan kontaktast på telefon:

  • Torleiv Lægreid - 971 82 122

  • Erlend Hunshammer Moen - 469 24 061

​

​

Leilegheitene ligg også på Finn.no. Der kan ein klikke seg inn og lese om kvar leilegheit.

2

SOLGT

Fellesareal for ein sosial kvardag

I byggets inngangsparti i første etasje kan ein nyta ein kopp kaffe i godt selskap. Det vert kjøkenkrok og ulike sittegrupper.

​

Det blir også eit romsleg treningsrom som kan nyttast av alle som ønskjer å holda seg aktive.

Eksempelbilete av fellesareal

Prosjekt Fjordbris

Me ønskjer å gje innbyggjarane i Aurland og andre interesserte eit heilt nytt tilbod i bustadmarknaden. Bygget skal ha gode kvalitetar og komfort, som skal legge til rette for sosialt samvær og ein aktiv livsstil for dei som ønskjer dette. Leilegheitane er tilpassa personar i alle aldrar med heis i bygget og universell utforming.  

 

Til samanlikning med einebustader vil den enkelte bebuar her få mindre ansvar og vedlikehald for bygningsmassen. Bygget og tomta er tilpassa dine behov, noko som gir ein enklare kvardag med meir tid til det ein ønskjer.

Panoramautsikt over fjorden

Store vestvendte balkongar eit steinkast frå sjøkanten av Aurlandsfjorden. Den finaste utsikta bygda har å by på.

​

Her kan ein slappe av i stillheit og kjenne på den friske, svale fjordbrisen.

Området

Fjordbris ligg ved sjøkanten av Aurlandsfjorden, om lag 1,5 km frå Aurlandsvangen. Det er gang- og sykkelveg heile vegen frå tomta til Aurlandsvangen, og også vidare utover til Høydalen. Dette gjer det til eit flott utgangspunkt for både gå- og sykkelturar. Ein har også umiddelbar nærleik til stranda.

​

100m frå døra er eit busstopp for bussen som køyrer skuleelevar og eldre.

Kart over Aurland med Fjordbris markert
nyhetsbrev
bottom of page